David Almenningen

Portrettbilde ansatt 2023

David kjem frå ei lita bygd kalla Øystese som ligg midt i Hardangerfjorden. Han er yngstemann i tenorrekka og studerer klassisk song ved Universitetet i Agder i Kristiansand. Kva han skal bli her i livet har ikkje alltid vore heilt klart for karen, men dette har medført at han kan overraske med kva han har med seg i skulesekken frå Bergen om informasjonsteknologi, drama og matematikk. Samtidig som han har studert desse faga, har han vore ein ivrig korist i kammerkor som har tatt han med på turnear rundt i Europa.