Kjære publikum!

Alle som kjem til Kilden har noko med seg.

Bak kvart einaste menneske som er ein del av mylderet i Kilden ligg det ei livslinje. Den er ganske sikkert sett saman av opplevingar og erfaringar, tankar og håp, men også skuffelsar og smerte. Om linja var synleg, kunne vi nok ha sett den gå på kryss og tvers mellom andre sine levde liv. Kanskje ville den og ha eitt og anna krumspring som i dagens lys verken kan eller skal forklarast. Men desse linjene kan vi umulig fri oss frå, og enten vi er publikum, står på ei scene eller arbeider bak den, er dei med og skapar dei samanhengane vi opplever scenekunsten i.

Scenekunstens særmerke er at den blir skapt der og da

Tida saman i Kilden blir eit felles møtepunkt, før alt løyser seg opp i nye individuelle linjer som følgjer eigne vegar vidare.

Scenekunstens særmerke og fortrinn er at den blir skapt der og da, og at vi, som samtidig og saman opplever den, også verkar inn på det som blir skapt. Etterpå nullstiller vi oss ikkje, vi har fått noko som blir med oss vidare. Det gjeld ikkje berre for publikum og kunstnarar, det gjeld for Kilden som kunsthus også.

Kvar skapande stund legg noko til Kildens kunstnariske kraft og omdømme.

I det perspektivet er vi begeistra og stolte over at den kjende franske dirigenten og songaren Nathalie Stutzmann har takka ja til å ta over taktstokken etter Giordano Bellincampi og bli Kristiansand Symfoniorkesters nye sjefdirigent frå sesongen 18/19. Vi ønsker også Geir Rebbestad varmt velkommen når han i desember i år tar over etter Stefan Sköld som orkesterdirektør. Vi er sikre på at dei to nye kunstnariske leiarane med sine ulike bakgrunnar har mykje å tilføre orkesteret og Kilden som heilskap, frå det allereie høge nivået som er nådd med Bellincampi og Sköld.

I denne utgåva av Magasinet trekk Nathalie Stutzmann sjølv dei lange linjene frå ho starta å synge og dirigere for dukkene sine i Paris på 70-tallet til ho som lovprist kunstnar, utan å nøle, sa ja til å bli sjefdirigent i Kilden. For henne er lidenskapeleg energi forklaringa på valet ho har gjort.

Når Kilden Teater i februar set opp Hedda Gabler kan du derimot få møte eit menneske som har vald bort lidenskapen og flytta inn i eit fornemt tomrom. Konsekvensen av dei vala vi gjer, eller av å ikkje vere ærleg mot seg sjølv er eksistensielle tema som gjer Henrik Ibsens stykke like aktuelt og utfordrande i dag.

Teatret vil også utfordre med satsinga på ny dramatikk. I haust har «Jeg vil vaske verden ren» rørt og opprørt mange, og 8000 skuleelevar har fått sterke møte med flyktningkrisa gjennom ei ny oppsetting av «Anne Franks søsken». Sesongen inneheld i tillegg to nye stykke som er skapt i Kilden, nemleg «Sult1» og «Sidespringerne». Etableringa av eit fast skodespelarensemble er ein vesentleg del av forklaringa på at Kilden Teater no lettare kan sette opp nye stykke og at stykke som du ikkje fekk med deg første gongen det gjekk, oftare kan bli sett opp igjen.

Nytt er det også for oss å gjere ein stor samproduksjon med Det Norske Teatret. «The Book of Mormon» er blitt ein eventyrleg suksess i Oslo og vi gler oss til Kilden-premiere i april.

Same tankegang blei også nøkkelen til at Kilden Opera til hausten endeleg får innfridd draumen om å sette opp storverket «Tosca». Ein samproduksjon mellom Nordnorsk Opera og Symfoniorkester, Opera Rogaland og Kilden gjer dette mulig. Slike samproduksjonar mellom regionale og nasjonale kunsthus er opplagt god bruk av den store offentlege støtta vi får. Det gir publikum eit tilbod dei ikkje har hatt før. Suksessen med fleire fulle hus på konsertversjonen av «La Traviata” viser at operainteressa er stor. Den skal vi gjere vårt beste for å møte.

219 personar arbeider i Kilden Teater og Konserthus, dei fleste bak kulissene. Fem av dei møter du i dette magasinet. Dei er fine representantar for det vi no også har ei medarbeidarundersøking som dokumentasjon på: Sjølv om det er mykje press og hardt arbeid i eit kunsthus som har tusen arrangement i året, er det ein stolt entusiasme som kjenneteiknar dette fellesskapet. Påfyll får vi mest av alt gjennom dei mange tilbakemeldingane frå publikum. Det tar vi med oss vidare til neste produksjon, for både kritikk og godord er til å lære av.

Velkommen til Kilden!

Hans T. Antonsen

Direktør