Paal-Helge Haugen om urpremiera på romanen Anne

Smilende forfatter og dramaturg

– Det er kjekt at denne gamle romanen skal få eit noko uventa nytt liv. Tidleg, etter at boka kom ut, blei det gjort ein radio-versjon av Anne, som i tillegg til Norge blei sendt i Sverige, Danmark og Polen. Det var også planar om å gjere ein film, rundt 1970, men den kom aldri lengre enn skisse-stadiet, forteller Paal-Helge Haugen i ein podkast frå Kilden Teater.

– At Kilden Teater kontakta meg for å gjere teater ut av romanen, er veldig moro, seier Haugen.

I podkasten, som er ein samtale mellom Haugen og dramaturg i Kilden Teater, Endre Sannes Hadland, diskuterer forfattaren blant anna det å sleppe laus eit verk og la andre bearbeide materialet, i dette tilfellet regissør Sullivan Lloyd Nordrum, musiker og komponist Åsmund Solberg, skodespelar Ann-Ingrid Fuglestveit og altså Haugens prisbelønte punkt-roman, Anne.

Urpremiera på stykket finne stad i Paal-Helge Haugens heimbygd Valle i Setesdal 6. mai, før det spelast i Kilden 11. mai til 3. juni, og igjen 11. til 13. august.