David Allmenning
David Almenning kjem frå Øystese, ei lita bygd i Hardangerfjorden. Han er songar med bakgrunn i både kor og klassisk song, og er ein person som trivst best når musikken får vere både sterk, ærleg og engasjerende.
Hjartet hans bankar ekstra for rock og filmmusikk, men som tenåring byrja han å synge i kor – noko som etter kvart førte han vidare inn i den klassiske songverda.
Han har bachelor- og mastergrad frå Universitetet i Agder, vidare årseining i opera frå Kunsthøgskolen i Oslo og PPU frå Noregs musikkhøgskole. I Kilden Vokalensemble set han særleg pris på å arbeide med store verk skrivne for større ensemble.
Drømmesamarbeidspartnaren er Fritz Wunderlich – noko som dessverre krev både tidsmaskin og eit mindre mirakel. Når han ikkje syng, spelar han dataspel og binger seriar med sambuaren.