Snøsøstera
Kilden Teater presenterar: Snøsøstera av Maja Lunde og Lisa Aisato
Dramatisert av Maja Lunde
Det er 1. desember og snart jul. Men i år gruer Julian seg, sjølv om julaftan til og med er fødselsdagen hans. Heime hos Julian er nemleg ingenting som det pleiar vere i desember. Ingenting er som det brukar å vere i det heile. Mor og far til Julian veit knapt kva dag det er, enda mindre at det snart er jul. Vanlegvis er desember den beste tida av året. Han elskar lukta av klementinar og peparkaker, stearinlys og spenninga i adventstida. Men i år er jula avlyst. Storesøstera til Julian døydde nyleg, og sidan har ikkje foreldra vore seg sjølve. Julian er stort sett overlaten til seg sjølv. Alt ser bekmørkt ut – inntil han møter ei underleg jente som heiter Hedvig.