Morten Espeland

Portrettbilde av skuespiller Morten Espeland foran Kildens bølgevegg

Morten Espeland kjem frå Stord og er utdanna skodespelar ved Kunsthøgskolen i Oslo i 1998.

Morten har spela i over 60 framsyningar på ulike teater i Noreg, ei rekke av dei på Det Norske Teatret som han var tilsett frå 1999–2011. Her medverka han m.a. i Vakkert, Rambuku og Hav – alle urpremierar av Jon Fosse stykke. Morten har også spela på Nationaltheatret, Den Nationale Scene, Rogaland Teater og Riksteatret.

I 2008 fekk Morten Heddaprisen for beste birolle for Peter Karpati i Den arabiske natta. I 1999 vart han nominert til Heddaprisen i kategorien Fremragende sceneprestasjon for Guten i Den 25. timen.

Morten driv scenekunstkompaniet Ymist saman med Erlend Samnøen og har her m.a. laga framsyningane Melancholia II (Fosse) og Morgon med lysande hestar (Tarjei Vesaas).

Han hadde to-årig arbeidsstipend Statens kunstenerstipend i 2016 og 2017, og har sidan 2014 vore tilsett i Skuespiller- og danseralliansen. I 2022 var han festivalprofil ved Vinterlysfestivalen på Nordland teater.

Morten har ikkje tidlegare gjesta Kilden Teater, men vil i 2023 medverka i Eg er vinden og Villskudd.