Rune Belsvik

Rune Belsvik er frå Stord. Han har budd i Kristiansand sidan 1984.

Han har hatt verk oppført på Den Nationale Scene i Bergen, Teatret Vårt i Molde, Hordaland Teater i Bergen, Agder Teater i Kristiansand, Det Norske Teatret i Oslo, Opera Sør i Kristiansand, Den Norske Opera & Ballett i Oslo.  Har skrive ny tekst til Mozarts requiem i samarbeid med ei skrivegruppe på ABUP ved Sørlandet sjukehus, framført i Kilden med Kristiansand symfoniorkester, solistar og ungdomskor.

Rune har gitt ut over 40 bøker.  Dei fleste for barn og unge, og mest kjente er kanskje bøkene om Dustefjerten. Rune stod sjølv på scenen i Kilden i 2016 i cabareten «Mannens følelsesliv mot nye høyder» med Vestergabet mannskor, Paul Leer-Salvesen, Frode Gallefoss, Tore Thomassen og Jon Kleveland. Rune har mottatt Brageprisen, Kritikerprisen, Kulturdepartementes barnebokpris, Nynorsk litteraturpris, Teskjekjerringprisen, Cappelenprisen og Noregs mållags barnebokpris for barnebøkene sine. For skodespelet «Stryk meg, stryk meg» på Den Nationale Scene blei han nominert til Nordisk Råds dramatikerpris.