Riksteatret presenterer: Are Kalvø toppar VG-lista
Om popmusikken og meininga med livet.
Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?
Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.
På scenen
Are Kalvø, Julie
Støp Husby og Ståle Sletner
Team
Regissør: Erik Ulfsby, Scenograf: Unni Walstad og Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen
Av Are Kalvø.
Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause).
Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø. På turné med Riksteatret og Teater Vestland.
-Du kan ta kva song som helst som ein gong har vore populær og han vil seie deg eitt eller anna om livet.
For å gi de beste opplevelsene bruker vi og våre partnere teknologier som cookies for å lagre og / eller få tilgang til enhetsinformasjon. Hvis du ikke samtykker eller trekker tilbake samtykke, kan det påvirke visse funksjoner og funksjoner negativt.