Med sekken full av både nye og gamle favorittlåtar, legg heile Noregs Odd Nordstoga ut på ein haustturné, som også markerar sleppet av eit heilt nytt album.
Med seg på tur har han sitt eminente band, med nokon av landets ypparste musikarar, som trippar etter å formidle den etterlengta kjensla av samspel som berre eit skikkeleg godt orkester kan levere.
På desse konsertane vil publikum få servert låtar frå albumet Fatig ferdamann, som Odd leverte til strålande mottaking midt under pandemien, men også låtar frå det komande albumet Inn i skogen, som ventas i starten av oktober. I tillegg blir det rikeleg med favorittar frå Nordstogas arkiv, sjølvsagt!
Det er aldri nokon tvil om at denne mannen lever for å spela for publikum, og det er ikkje rart at folk i alle aldrar har trykt han til bringa, både til høgtid og på fest. Ein konsert med Odd Nordstoga og bandet hans opplevast rett og slett som ei sårt tiltrengt vitamininnsprøyting
Få greier å skildre poesien i kvardagen slik han gjer, utan at det blir anten klisjefylt eller svulstig. Han syng om venskap og kjærleik, om naturen og om dagane som kom og gjekk. Han får oss til å danse, sjølv om me ikkje kan, og til å ville synge om denne grisen som står og hyler.
For å gi de beste opplevelsene bruker vi og våre partnere teknologier som cookies for å lagre og / eller få tilgang til enhetsinformasjon. Hvis du ikke samtykker eller trekker tilbake samtykke, kan det påvirke visse funksjoner og funksjoner negativt.