Balanse mellom det subjektive og det objektive
For Haugen var formatet punktroman teknisk ei moglegheit til å kunne kombinere ulike måtar å fortelje på, og bringe inn totalt ulike ting språkleg sett.
– Eg ønska å skrive ei historie der eg var fri til å bruke ekstremt subjektive og ekspressive uttrykksformer, men eg måtte balansere det, så det er balansert av faktisk eksisterande materiale som er kjølig, nøkternt og deskriptivt. Det held balansen mellom det sterkt subjektive, og det totalt objektive, på plass.
Som ei avis for eksempel?
– Ja, kva er avisen for noko? Eit bilete av samfunnet. Når du leser frå artikkel til artikkel så dannar det seg et bilete av eit samfunn og ei tid.
Forestillinga Anne dannar på samme måte historia om ei ung kvinnes liv frå begynning til slutt, gjennom små, fragmenterte glimt.