KJÆRE PUBLIKUM!

Portrettbilde av administrerende direktør i Kilden, Hans T. Antonsen

Fotograf Jacob Buchard; Kilden Teater og Konserthus

Til helvete med kunsten. Kommunevalet er over, og vi skal legge bak oss månader med kraftigare ordbruk og høgare konfliktnivå enn det vi er vant med. I dei fleste kommunar har ikkje kunst og kultur vore stridstema, det har heller vore eit ikkjetema. Eitt unntak er her i Kristiansand, der planane for den slitne siloen ved sidan av Kilden har skapt bølger og så mange giftige utsagn at det har vakt gjenlyd nasjonalt. I kommentarfelta har det stått ting eigna til å gjere sjølv dei mest svartsynte i trua på folkestyret mørkare til sinns.

Det er ei kjent sak at kunsten ofte blir prylegut for alt som er galt i samfunnet. Høgrepopulistar over heile Europa har då også dette som bevisst strategi. Men når kunstkritikk faktisk vinn gjenklang hos ein del av folket, kan det ha grunnar som vi som er kulturlivets profesjonelle, amatørar eller publikum bør møte med eit opnare sinn. Vi har så lett for å bli belærande om alt kritikarane ikkje har forstått eller sett av kunstens verdi.

Kan hende er det ikkje nye kunstsatsingar i seg sjølv dei reagerer på, men at dei sjølv kjenner seg oversett, at dei ser utfordringar dei skulle ønske samfunnet hjelpte til med først, sjølv om dei slett ikkje kjenner seg som del av ei utsett gruppe, berre som ein litt for lite synleg del av den store, alminnelege gruppa folk flest.

Det er i alle fall to ting vi som arbeider i kulturlivet kan gjere for å komme denne motstanden i møte. Vi kan bli flinkare til å få fram at kunst er ei viktig sosial drivkraft, ved at den får oss til å stille spørsmål om rett og galt, om vakkert og vondt. Slik sett er det både mulig og anbefalt å dra til helvete med kunsten, i det minste eit stykke på veg. Eller motsett veg til himmels, med tanke på kunstens evne til å få fram det skjønne. Tenk berre på den musikken du heilt sikkert har med deg, som lydspor til livet ditt!

To kjente eksempel frå bildekunsten for å gjere den sosiale krafta tydeleg: Albertine i politilegens venteværelse og Guernica er to maleri mange utan vidare kan sjå for seg. Christian Kroghs bilde (og forbydde bok, Albertine) førte til at det blei slutt på den offentlege prostitusjonen i Norge, Pablo Picasso sitt gjorde verda merksam på dei grusomme handlingane i borgarkrigen i Spania. Kunst gjer det mulig å sjå for seg andre sine liv, skape medkjensle og så handling.

Orkestermusikk, teater og opera er dyrt å lage. Billettinntektene dekker berre ein brøkdel av dei faktiske kostnadene. Dette kan ikkje, skal ikkje, vere lønsamt i snever forstand. Fordi samfunnet ser kunsten som så viktig og verdifull, har den stor offentleg støtte. Slik er det i det meste av Europa og i mange land elles. Likevel har billettprisane blitt høge mange stader, og sjølv om Kilden er mellom dei fremste til å tilby billige billettar, må også vi skjerpe oss for å gjere kunsten tilgjengeleg for alle.

Kilden er eit teater og konserthus for Sørlandet, men vi har ingen lokal målestokk for kunstnarisk kvalitet. Målet vårt er å bli eit av dei kunstneriske kraftsentra i Norden, samtidig som vi skal ha appell til alle som Agders fremste møteplass. Derfor har vedtaka om å bygge Kunstsilo og kulturskole ved sidan av oss stor betydning. Samspelet mellom scenekunsten og musikken i Kilden, Sørlandets Kunstmuseum med ei av dei viktigaste samlingane av nordisk bildekunst og kulturskolen som den første rekrutteringsvegen inn til kunsten – resultata kan og bør bli storarta!Kunstmuseet er også med når all skaparkraft i Kilden er mobilisert til teatersjef Amalie Nilssens avskjedsoppsetting, eit altomsluttande stykke som blir eit tverrsnitt av livet bak fasadane i Kristiansand.Nå. Samtidig er det ei glede å ønske Rolf Gupta velkommen tilbake med bestillingsverket Jordens sang til Kristiansand Symfoniorkester sitt 100-årsjubileum. Vi er og stolte over å få vere dei første som tar Alexander Rybaks musikal Trolle til scenen, med Rybak sjølv i hovedrolla i denne familieframsyninga om verdien av vennskap. Er du berre ute etter å le litt, tilbyr vi det i 78 minutt i Knut Nærums speedversjon av Henrik Ibsens samlede verker. Det er nærliggande å tru at nokon etter det vil meine at Byggmester Solness burde ha komme før kommunevalet.

Velkommen til gode opplevingar i Kilden!

Hans T. Antonsen

Administrerande direktør